Finsefonet sitt miljøstipend til Norsk Fjellmuseum
Norsk Fjellmuseum i Lom har fått Finsefondet sitt miljøstipend for 2011. Prisen er på 260 000 kroner og går til eit opplegg som skal gje ungdomsskuleelevar innsikt og opplevingar i norsk høgfjellsnatur.
Foto: Frå utdelinga i Klimaparken august 2011. Frå venstre Øystein Dahle, Erik Solheim, Berit Lein, Knut Norman, Mai Bakken, Rune Strand Ødegård og Dag Inge Bakke.
Målet med læringsopplegget er at kunnskap om natur- og kulturhistoriske verdiar i høgfjellet skal fremje ein langsiktig balanse mellom vern og bruk av fjellnaturen. Norsk Fjellmuseum vil – i samarbeid med fleire forskingsmiljø – utvikle Klimapark 2469, oppe under Galdhøpiggen, til ein pedagogisk reiskap for skuleverket. 300 elevar skal kvart år få oppleve parken og arbeide vidare med emne som gjeld klimaendringar og fjellnaturen. Den pedagogiske plattforma skal leggje til rette for at skulene gjer både forarbeid, feltarbeid og etterarbeid. Alt skal gjerast tilgjengeleg på internett. Seinare vil opplegget bli utvida og tilgjengeleg også for fleire skular.

