jotunheimen

jotunheimen

Informasjonsperm for Jotunheimen

Websider 00001Nasjonalparksenteret Norsk Fjellmuseum har i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning utarbeidd informasjonsperm for Jotunheimen nasjonalpark. Permen er utarbeidd for dei besøkjande i området, og skal gje relevant informasjon og ikkje minst inspirasjon for ei enda større naturoppleving under opphaldet i nasjonalparken. Permen er lett å oppdatere, og blir etterkvart publisert på internett slik at det blir høve til å fordype seg for dei som søkjer meir informasjon og kunnskap om Jotunheimen. Nasjonalparkforvaltar Kari Sveen, på bilete til v, er godt nøgd med informasjonspermen for Jotunheimen.

 

Infoperm 00002Dei rykande ferske permane skal no leggjast ut på dei større turisthyttane inne i Jotunheimen nasjonalpark, og på større turisthytter inn mot nasjonalparken som er naturlege utgangspunkt for turar. Permen er fyrst og fremast eit supplement til nettbasert informasjon der det ikkje er tilgang på internett.

 

Har du spørsmål om prosjektet kontakt Norsk Fjellmuseum v/ Krisitne Sørlie, Tlf: 61 61 16 00