jotunheimen

jotunheimen

Norsk Fjellmuseum - Forvaltningsknutepunkt for Jotunheimen nasjonalpark

fjellmuse_ute_00001Miljøverndepartementet har i brev av 25.10.11 peika ut Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen nasjonalparksenter som forvaltningsknutepunkt for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landsskapsverneområde.

 

Miljøverndepartementet har lagt til grunn at Norsk Fjellmuseum har samla eit breitt spekter av naturfagleg kompetanse og at Lom har god geografisk plassering.

I neste omgang skal det tilsettast to forvaltarar, ein i Luster og ein i Lom. Forvaltaren i Lom får eit administrativt og koordinerande ansvar i forvaltninga av dei to verneområda. Fylkesmannen i Oppland skal ha ei koordinerande rolle for dei to forvaltarane.

Arbeidet med tilrettelegging for å fullt ut kunne tilby tilstrekkeleg og egna kontorfasilitetar som forvaltningsknutepunkt er i gang. Dette er planar fjellmuseet har hatt ei tid, og vi får nå tilgang på ressursar som vil hjelpe oss i denne prosessen.

Status som forvaltningsknutepunkt fører til ei styrking av det kompetanse- og fagmiljøet vi har her på Norsk Fjellmuseum  i Lom.