fjellmuseum

Stiar og hytter

Den Norske Turistforening (DNT) sitt arbeid for friluftslivet er mellom anna ved å drive hytter i fjellet, og å merke og halde vedlike eit nett av stiar mellom desse.

skilt_140
Sommarstid er stiane mellom hyttene merkte med vardar og ein raudmåla T.
Om vinteren, før påske, blir fleire ruter merka med kvisting. Til saman er det om lag 300 km T-merka fotturruter i dei to verneområda.

I tillegg er det andre stiar som er varda og rydda.

I tillegg til DNT sine hytter finn du fleire private hytter og overnattingsstader i området.                                                

Betente hytter: Servering av mat og overnatting i oppreidde senger eller i eigen sovepose. Desse hyttene har tilnærma hotellstandard.

Sjølvbetente hytter: Utstyrt med lager av matvarer og brensel, men du må lage mat og fyre sjølv. Det er organisert eit betalingssystem på hyttene der du betaler for det du bruker. Systemet er basert på tillit - og blir ikkje misbrukt!

Ubetente hytter: Her er det mogleg å overnatte, men du må ha med mat og utstyr sjølv. 

 

varde_140