Friluftsliv i Jotunheimen
|
Ein kjem nært innpå den unike naturen i Jotunheimen og Utladalen ved å gå turar til fots eller på ski - og opplevingane blir gjerne rike minne for livet. |
|
Både nasjonalparken og landskapsvernområdet er lett tilgjengeleg, særleg sommarstid. |
| Bygdin, Gjendeosen, Veodalen, Visdalen, Leirdalen, Sognefjellet, Turtagrø, Utladalen, Koldedalen , Eidsbugarden og Valdresflya er dei mest nytta innfallsportane til Jotunheimen. Meir informasjon om transport finn du her hos Jotunheimen Reiseliv AS. |
| På Bygdin og Gjende går det faste båtruter i sommarsesongen |
| Merka stiar og overnatting | |
| I Jotunheimen er det tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter med merka løyper og stiar, og det er eit godt utbygd overnattingstilbod mange stadar. Det er både private og foreningsbaserte aktørar som ytar service i området. |
|
|
DNT hjelper til med turplanlegging og/eller andre relevante spørsmål. |
|
|
Sommarstid er stiane mellom hyttene merkte med vardar og ein raudmåla T. Til saman er det om lag 300 km T-merka fotturruter i dei to verneområda.
|
|
Sjølvbetente hytter Ubetente hytter |
I tillegg til DNT sine hytter er det fleire private hytter og overnattingsstader i området.
|
| Brevandring | |
| Gå alltid i taulag med ein lokalkjend breførar! | |
|
Skal du ferdes på bre? |
|
|
|
| Her ser du korfor gå i tau på bre | |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| På nettstaden Trygg i Jotunheimen vil du finne mange gode tips og råd for ferdsel i Jotunheimen. |



