Last month July 2010 Next month
S M T W T F S
week 26 1 2 3
week 27 4 5 6 7 8 9 10
week 28 11 12 13 14 15 16 17
week 29 18 19 20 21 22 23 24
week 30 25 26 27 28 29 30 31
Solheim besøker Klimapark2469 2.august

erik_solheim_211107_133x1801Måndag 2. august besøkjer miljø- og utviklingsminister Erik Solheim Klimapark2469 og istunnelen ved foten av Galdhøpiggen. Programmet startar kl 12.45 frå Juvasshytta med vandring bort til Juvfonna. Her blir det informasjon om arbeidet med bevaring av arkeologiske funn som kjem fram når isen smelter i fjellet. Det er og lagt inn ein tur langs iskanten for å sjå etter nye arkeologiske funn. Forskarar innanfor meterologi, permafrost/glasiologi og arkeologi blir med på turen.

Presse er velkomne til å delta under besøket. Frammøte ved Juvasshytta kl 12.45.

 
Turar i Lom Nasjonalparklandsby

infotavle_bergomUtanfor Norsk Fjellmuseum er ei ny tavle på plass med informasjon om merka turstigar med start i Lom sentrum. Her får du god oversikt over turane, og kvar tur er skildra med tekst og høgdeprofil. Det er og utarbeidd ei turbrosjyre som du får i turistinformasjonen inne på Norsk Fjellmuseum.


Foto: Informasjon om turmoglegheitar frå Lom.

 
Finndalsprosjektet

1finndalenFinndalsprosjektet er eit brukarstyrt prosjekt som i samarbeid med vernestyresmakta arbeider med skjøtsel og tilrettelegging i Finndalen landskapsvernområde. Prosjektet har fått økonomiske støtte frå kommunane (SMIL-midlar), Verdiskapingsprogrammet for kulturminner, Kulturminnefondet, Grunneigarfondet, Finndalsvegen og SNO. Det blir arbeidd med fleire ulike delprosjekt: les meir HER

Foto: Utskt frå Klympen innover Finndalen

 
Dukketeateret "ut av isen"

turbo_dima_og_ragnaI sommar, frå 1.juli - 8.august, inviterar vi til dukketeater på Norsk Fjellmuseum kvar fredag og laurdag. Dukketeateret passer godt for familier og barn frå 4 år og oppover, men alle interesserte er velkommen!
Tid: Kvar fredag og laurdag kl. 13.00 og 14.00
Pris: kr 20 for barn, og kr 30 for vaksne. Billetter kan du kjøpe i Turistinformasjonen på fjellmuseet før forestillingen.

Foto: Bli med Turbo fjellrev, Dima mammut og Ragna rein ut på eventyr.

 
Besøk istunnelen i Klimapark2469

image00013Norsk Fjellmuseum tilbyr guida tur i istunnelen kvar torsdag, fredag, laurdag og sundag, frå 24.juni - 22. august. Turen startar kl. 10.00 frå Juvasshytta. Du får kjøpt billett for guida tur på Turistinformasjonen i Lom (61 21 29 90) eller på Juvasshytta. Pris: 300 kr for vaksne, 150 kr for barn, og 700 kr for familie med 2 vaksne og 2 barn. 50 kr pr. ekstra barn.
Bestill tur på: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen  
For meir informasjon sjå HER

 
Pengar til arkeologisk arbeid i høgfjellet

image00002Miljøverndepartementet løyver 600.000 kroner til bevaring av kulturminne i høgfjellet. Kulturminner som har vore dekka av snø og is i fleire tusen år, kjem no til dagen når isbrear og fonnar smeltar og trekker seg attende. Les meir HER

 
Opning av istunnelen i Juvfonna

image00001Istunnelen i Klimapark 2469 vart offisielt opna 22.juni 2010. Prosjektleiar og motor i Klimapark2469, Espen Finstad, kunne fortelje at 120 lastebil lass med is er hoggje ut av 4 ishuggjare på 12 dagar. Iskunstnar Peder Istad har hatt ansvar for designe, utforming og lyssetting. Resultatet er heilt unikt, og du trur det ikkje før du får sjå det.

Foto:
 Over 100 personar fekk gleden av å være med på opninga av istunnelen 22.juni 2010.

Les mer …
 
Informasjon om Reinheimen

image00001Norsk Fjellmuseum Jotunheimen og Reinheimen nasjonalparksenter har no etablert informasjon om Reinheimen i våre utstillingslokaler. Her finn du informasjon om Reinheimen og landskapsvernområda basert på informasjonstavlene som er sett opp ulike stader rundt verneområdet. På fjellmuseet finn du elles ei rikeleg gevirsamlling av rein frå Lesja. I hovudutstillinga på museet kan du og oppleve eit stort trykk laget av biletkunstnaren Marianne Heske frå Tafjord. Trykket har tema ras i Tafjordfjella.

 
Vertskap i Lom nasjonalparklandsby

image0000337 tilsette i handel, service, og turistnæringa i Lom deltok på vertskapskurs på Norsk Fjellmuseum tysdag 1. juni. Lom nasjonalparklandsby i samarbeid med Norsk Fjellmuseum og Jotunheimen Reiselivslag sto for innhald og gjennomføring av kurset med tema: - God lokalkunnskap, grunnleggjande for godt vertskap. Deltakarane fekk informasjon om kommunen, nasjonalparklandsbyprosjektet, nasjonalparksenteret, nasjonalparkane i kommunen, aktivitetar og tilbod i Lom og nye tiltak og prosjekt som tidsaksen og Klimapark 2469. Kurset vart avslutta med gruppearbeid og innspel frå deltakarane. Som bevis for gjennomført kurs, fekk alle pins med påskrifta Lom nasjonalparklandsby vert.

Les mer …
 
Markering av den Europeiske Nasjonalpakdagen

nasjonalparkdagen_22maiNorsk Fjellmuseum markerte den Europeiske nasjonalparkdagen 22.mai med ope museum, servering av lokalmat i kafeen, guida turar og framsyning av dukketeater for barn. Mange tok turen innom Fjellmuseet for å oppleve utstillingane og hente informasjon om nasjonalparkane og naturmangfaldåret. Med 30 ballongar i toppen på lavvoen utanfor museet gjorde vi ekstra stas på Jotunheimen nasjonalpark som er 30 år.
Foto: Interesserte tilhøyrarar på vandring langs jordas historie med Torgeir T. Garmo.

Les mer …
 
iSkjåk.no

elvefisk_1406. mai 2010 lanserte Skjåk kommune eit nytt nettstad for natur- og friluftslivsinteresserte. På nettstaden iSkjåk.no kan du finne informasjon om merka turar, reiseliv, kultur, natur og vatn i Skjåk. Sida er lett å bruke, til nytte ved planlegging av turar og ikkje minst ei god inspirasjonskjelde for å få folk ut på tur i området. Ta en titt på sida iSkjåk.no og kom deg ut!

 
Flere artikler …
<< Start < Forrige 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 1 av 3

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari