Last month September 2010 Next month
S M T W T F S
week 35 1 2 3 4
week 36 5 6 7 8 9 10 11
week 37 12 13 14 15 16 17 18
week 38 19 20 21 22 23 24 25
week 39 26 27 28 29 30
Om Norsk Fjellmuseum PDF Skriv ut E-post

Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen nasjonalparksenter ligg midt i Lom sentrum, og er ein viktig innfallsport til fjellet og nasjonalparkar.

Norsk Fjellmuseum opna i 1994, og er landets einaste museum der samspelet mellom mennesket og fjellet er hovudtema. I sentrum av Lom, med tre nasjonalparkar utanfor, finn du spanande og moderne utstillingar, der bilete, lyd, lys og gjenstandar syner korleis folk har gleda seg over, og brukt fjellet frå istida og fram til våre dagar. I tillegg er det naturgeografisk utstilling på museet, og ei rekkje stuttvarige utstillingar i samband med arrangement i området.

Norsk Fjellmuseum er autorisert som nasjonalparksenter for Jotunheimen og for Reinheimen. Nasjonalparksenteret skal være ei ope dør til natur og naturopplevingar. Det betyr at Fjellmuseet har eit særleg ansvar for informasjon og formidling av nasjonalparkane. Dette skal skje i samhandling mellom Fjellmuseet og forvaltningsstyresmakta.

 

 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari