Last month September 2010 Next month
S M T W T F S
week 35 1 2 3 4
week 36 5 6 7 8 9 10 11
week 37 12 13 14 15 16 17 18
week 38 19 20 21 22 23 24 25
week 39 26 27 28 29 30
Mammut - fjellet sin elefant PDF Skriv ut E-post

mammut_250fixMammuten rådde grunnen i fjell- og dalstroka våre for omlag 35.000 år sidan. På Norsk Fjellmuseum kan du sjå mammuten i full storleik - både ein vaksen og ein yngre mammut. Du kan og lære om korleis mammuten livnærte seg fram til han døydde ut for ca 7000 år sidan. Mammuten er ein slektning av elefanten og har vore kjent i 12 - 14 millionar år. Dyret var nær knytt til arktiske strok.

Ein vaksen hann-mammut kunne bli 3,5 - 4 meter høg, og vege 6 tonn. Dyret hadde raudbrun pels og var dekt av lange hår. Øyro var runde og små. Ytterst på snabelen og over analopninga hadde mammuten ein liten hudklaff som skulle beskytte sårbare delar mot frost. Snabelen var breiare enn hjå elefanten og var veleigna som «snøskuffe». I overkjeven hadde mammuten støyttenner, som vart nytta til «våpen», og desse kunne bli opptil 5 meter lange og vege 80 kilo.




karimammutDet fyrste mammutfunnet i Noreg vart gjort på Skårvangsætrin i Vågå i 1886. Det var budeia Kari Jotun (t.h.) som fann restar av mammuten.

 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari