|
Ein kjem nært innpå den unike naturen i Jotunheimen og Utladalen ved å gå turar til fots eller på ski - og opplevingane blir gjerne rike minne for livet.
|
| |
|
Både nasjonalparken og landskapsvernområdet er lett tilgjengeleg, særleg sommarstid.
|
| |
Bygdin, Gjendeosen, Veodalen, Visdalen, Leirdalen, Sognefjellet, Turtagrø, Utladalen, Koldedalen , Eidsbugarden og Valdresflya er dei mest nytta innfallsportane til Jotunheimen.
Meir informasjon om transport finn du her hos Jotunheimen Reiseliv AS. |
| |
| På Bygdin og Gjende går det faste båtruter i sommarsesongen |
| |
| Merka stiar og overnatting |
I Jotunheimen er det tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter med merka løyper og stiar, og det er eit godt utbygd overnattingstilbod mange stadar.
Det er både private og foreningsbaserte aktørar som ytar service i området. |
| |
Den Norske Turistforening (DNT) arbeidar for friluftsliv mellom anna ved å drive hytter i Jotunheimen, og ved å merke og halde vedlike eit nett av stiar mellom desse.
DNT hjelper til med turplanlegging og/eller andre relevante spørsmål. |
|
|
Sommarstid er stiane mellom hyttene merkte med vardar og ein raudmåla T.
Vinterstid, før påske, blir fleire ruter merka med kvisting.
Til saman er det om lag 300 km T-merka fotturruter i dei to verneområda.
I tillegg er det andre stiar som er varda og rydda.
|
|
Betente hytter
Servering av mat og overnatting i oppreidde senger eller i eigen sovepose. Desse hyttene har tilnærma hotellstandard.
Sjølvbetente hytter
Utstyrt med lager av matvarer og brensel, men du må lage mat og fyre sjølv. Det er organisert eit betalingssystem på hyttene der du betaler for det du bruker. Systemet er basert på tillit - og blir ikkje misbrukt!
Ubetente hytter
Her er det mogleg å overnatte, men du må ha med mat og utstyr sjølv.
|
I tillegg til DNT sine hytter er det fleire private hytter og overnattingsstader i området.
|
| Brevandring |
| Gå alltid i taulag med ein lokalkjend breførar! |
|
Skal du ferdes på bre?
Les om råd og forutsetningar her:
|
|
|
| Her ser du korfor gå i tau på bre |
- På isbreen er det alltid sprekkar
|
- Desse kan bli meir enn 30 meter djupe
|
- Bresprekkane kan vere synlege eller dekt av snø
|
- Går du på snødekt bre, vil du krysse skjulte sprekkar
|
- Å fylgje i fotspora til andre på snødekt bre betyr ikkje at du er trygg
|
- Ingen veit når snølaget kan breste
|
- I bratte parti er det livsfarleg å miste fotfestet om du er einsleg
|
- Ved utgliding kan du ramle ned i ein bresprekk eller skade deg på andre måtar
|
- Taulaget er di tryggleik når du ferdast på bre
|
| |
| På nettstaden Trygg i Jotunheimen vil du finne mange gode tips og råd for ferdsel i Jotunheimen. |
|