Last month September 2010 Next month
S M T W T F S
week 35 1 2 3 4
week 36 5 6 7 8 9 10 11
week 37 12 13 14 15 16 17 18
week 38 19 20 21 22 23 24 25
week 39 26 27 28 29 30
Fjellvett og utstyr PDF Skriv ut E-post
Ha med naudsynt utstyr og bruk sunt fjellvett
Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev - sjølv på korte turar. Turen kan ta lengre tid enn du trur fordi: Været skiftar, du har feilvurdert din eigen fysiske form, du kan bli utsett for eit mindre uhell, eller rett og slett fordi ulendt terreng kan vere vanskeleg å lese av kartet.

amtskartjotunfjeldene_140x På turen bør du ha med deg kart (over rett område) og kompass, sjølv om du har tenkt å gå på merka stiar. Og du må kunne bruke det!

Har du GPS-navigator er denne med i tillegg, kun som ekstrautstyr.


Gode retningslinjer å følgje - sommar som vinter
I sekken skal det vere med gode vindtette og vasstette ytterklede, ekstra varme klede til å ha under, lue og vottar.
Ta med ekstra mat, og meir varm drikke enn du trenger.
Enkelt førstehjelpsutstyr bør også ligge i sekken.


Meld frå kvar du går!
Legg att beskjed der du overnattar om ruta du har tenkt å gå (også eventuelle avstikkarar).
Ein god regel: Lag ikkje ei avtale du ikkje kan halde!


Vis respekt for høgfjellet!
Vær klar over at turane i Jotunheimen går i høgfjellsnatur, og at både naturen og klimaet krev at du er godt førebudd.

fannaraken_140

Sjekk dagens vær og vindvarsel før du går.
Jotunheimen ligg på grensa mellom kystklima og innlandsklima.
Kombinert med dei høge fjella kan dette gje svært raske vêromslag.
I Jotunheimen kan du oppleve snø og sterk vind også om sommaren!


Når du ferdast i utmark i Noreg er det du sjølv som har ansvar for å finne fram dit du skal, og for å ta vare på di eiga tryggleik.

 

 

 


 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari