|
Jotunheimen og Utladalen har nokre av dei mest typiske ”ville” fjellformasjonane i Noreg. Størstedelen av det verna området har høgfjellsnatur med ei mengd isbrear, men også frodige, lågareliggande dalar og særeigne vassdrag. Alle norske fjelltoppar høgare enn 2300 m.o.h. ligg i Jotunheimen, med Galdhøpiggen 2469 m.o.h. som den høgaste. I Jotunheimen finst dei høgste fjella i Nord-Europa innafor eit ganske avgrensa område.
|
 |
| I Utladalen kastar Vettisfossen seg utfor i 275 meter fritt fall. Den er den 3. høgste fossen i landet og den høgaste uregulerte fossen i fritt fall. |
|
I Utladalen er det fleire eldgamle gardsbruk, stølar og husmannsplassar som dei siste 15-20 åra er restaurerte og tekne i bruk i samband med turisme, friluftsliv og jakt.
|
 |
Avdal gard i Utladalen |
|
 |
"I Norges nasjonalparker er det naturens lover som gjelder. Vi oppretter nasjonalparker for å ta vare på store naturområder - fra hav til fjell. For oss, for kommende generasjoner og for naturens egen skyld. Norges 35 nasjonalparker, 28 på fastlandet og 7 på Svalbard, byr på et mangfold av muligheter og opplevelser. Flott og variert natur, jakt, fiske, planter, fugler, dyr og kulturminner. " Les meire |
|
|