Last month February 2012 Next month
S M T W T F S
week 5 1 2 3 4
week 6 5 6 7 8 9 10 11
week 7 12 13 14 15 16 17 18
week 8 19 20 21 22 23 24 25
week 9 26 27 28 29

Sosial weblinker

Share to Facebook Share to Twitter 
Skjøtsel og tilrettelegging PDF Skriv ut E-post
onsdag 13. desember 2006 13:30

Skjøtsel og tilrettelegging
I verneområda blir ikkje naturen overlate heilt til seg sjølv. Det blir drive aktivt skjøtselsarbeid både i Jotunheimen og Utladalen. Dette blir gjort både for å reparere skader i naturen og for å ta vare på ein naturtilstand eller eit kulturminne.
 

Skjøtselsarbeidet krev ofte både god naturkunnskap og praktisk handverk. Skjøtselsarbeid kan t.d. vere restaurering av stiar, restaurering av gamle buer og hus, rydding og slått av gamal kulturmark.  avdal_140
Geit, sau og hest blir slept på beite i enkelte område for å halde vegetasjonen nede. Det er særleg i Utladalen og ved Gjendebu at det årleg blir lagt ned mykje skjøtselsarbeid. Her ønskjer ein å ta vare på spora etter tidlegare tiders bruk av utmarka og fjellet.   geit_140
Tilrettelegging, rydding, merking og skilting av ferdselsvegar og stiar er eit omfattande arbeid som krev årleg innsats. Likeeins må bruer over elver og bekkar haldast vedlike. Nokre av bruene må takast ned kvar haust for ikkje å bli tekne av vårflaumen.  laft_140

Skjøtsels- og tilretteleggingstiltaka blir som regel utført i eit samarbeid mellom grunneigarar, DNT, kommunane, Fylkesmannen, Statens Naturoppsyn og fjellstyra.

 

 

 

 

 

 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari