Last month February 2012 Next month
S M T W T F S
week 5 1 2 3 4
week 6 5 6 7 8 9 10 11
week 7 12 13 14 15 16 17 18
week 8 19 20 21 22 23 24 25
week 9 26 27 28 29

Sosial weblinker

Share to Facebook Share to Twitter 
Informasjonsportal til Reinheimen PDF Skriv ut E-post
mandag 17. januar 2011 14:29

vernKvifor Informasjonsportal om nasjonalparkane på Dønfoss?
Dønfoss er ein sentral innfallport til nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen, og ein strategisk stad å nå eit breitt publikum med informasjon. Dette er ein viktig grunn til at kommunen, Coop Ottadalen og Norsk Fjellmueum-Reinheimen nasjonalparksenter vil etablere ein informasjonsportal knytt til butikken Coop Marked Bruvoll. Det er viktig for miljøforvaltninga og reiselivet å nå ut til alle med naturinformasjon, også dei som ikkje skal på tur i nasjonalparkane. Vi tror butikken Coop Marked Bruvoll kan bidra som arena for å få dette til.

Formidlingskonsept
Informasjonsportalen skal vera ein "Inspirerende og berikende portal til nasjonalparkene Reinheimen og Breheimen". Eit besøk i informasjonsportalen skal inspirere til opplevingar i nasjonalparkane og berike naturopplevinga med kunnskap.

infoportBesøkstypar og publikum
Portalen vert forma med tanke på ei brei målgruppe, men med fokus på familiar, barn og unge. Familiar skal ha mogelegheit for å møtast kring noko i utstillinga for å dele kunnskap og refleksjonar.

Framdrift
Prosjektet starta 2009 og har hatt god framdrift. Det er viktig å gjennomføre tiltaket etter ambisjonane, slik at informasjon blir tilgjengeleg for publikum. Arbeidet med finansiering er snart på plass, og vi tek sikte på å få på plass bygg og innhald i løpet av våren 2012.

reinOrganisering:
Prosjekteigar: Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen nasjonalparksenter
Prosjektleiar: Kristine Sørlie,  Informasjonsmedarbeidar Norsk Fjellmuseum
Prosjektgruppe forprosjekt: Sæbjørn Forberg Skjåk kommune – Skjåkprosjektet, Bjørn Dalen Skjåk kommune, Rune Fossmo Coop Ottadalen BA, Astrid Gjertsen Jotunheimen Reiseliv AS, Mai Bakken Norsk Fjellmuseum
Prosjektgruppe hovedprosjekt: Trond Stensby (KUR), Per Olav HAugen (SNO Reinheimen), Øyvind Angard (SNO Breheimen), Bjørn Dalen (Forvaltar Breheimen), Astrid Gjertsen (Jotunheimen Reiseliv AS)



Konseptutviklingsfirmaet Expology AS har på oppdrag av prosjektgruppa utarbeidd plan for formidlingsløysninga og innhald gjennom eit forprosjek.

For meir informasjon og spørsmål:
Kontakt Norsk Fjellmuseum v/ Kristine Sørlie, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , 61 21 16 00

 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari