fjellmuseum

fjellmuseum

Utstillingar

"UT AV ISEN"

Unike arkeologiske funn frå fortidas jegere i høfjellet. Funn frå bronsealder, jernalder og vikingtid.

Kjortelen frå Lendbreen, Noregs eldste klesplagg kan du sjå i utstillinga "Ut av isen" på Norsk Fjellmuseum frå 15. juni 2013. Det er med glede at Norsk Fjellmuseum - Nasjonalparksenter ønskjer besøkjande velkomne til opning av ny utstilling laurdag 15. juni, kl. 11.00, der den 1700 år gamle kjortelen er hovudattraksjon.

Hovudutstillinga Norsk Høgfjell er bygd opp rundt tre markante kunstuttrykk; Lyden og lydbiletet, det sandblåste aluminiums-biletet «Ras» og sjølve utstillingsforma. Desse tre elementa uttrykker i saman ei heilskapleg oppleving av mennesket sitt forhold til fjellet - på godt og vondt  - i arbeid og fritid.

Utstillinga viser historia frå steinalder fram til nær fortid, med utvalde litterære tekstar knytt til dei ulike elementa i utstillinga.
→ les meir

basisutstilling_250 

Den store mammuten kom til Fjellmuseet i 1998, og har sidan vore ein naturleg beboar på huset. I utstillinga blir mammutens historie presentert. Museet har båe ein stor og ein liten mammut.
→ les meir

 mammut_250fix
nasjonalpark_170 


Nasjonalparkutstillinga Jotunheimen gjev eit bilete av vegetasjon, dyreliv og topografi i Jotunheimen.
→ les meir

   

Nasjonalparkutstillinga Reinheimen er førebels ein presentasjon av det mangfaldige og store verneområdet. Utstillinga i 2010 er basert på informasjonstavlar frå alle landskapsvernområda og heile nasjonalparken. Utstilling om Reinheimen er under utvikling, og vil etter plan bli ein integrert del av Norsk Fjellmuseum sine faste utstillingar. 

Reinen, folket og fjellet er ei visuell utstilling som opna i 2004. Utstillinga framstiller reinen i lys av jakt og fangst, gjennom det nødvendige samspelet mellom høgfjell og livberging.

 

reinsflokk_250-prl
                                                                 Reinsflokk 

 

Helsing frå Jotunheimen 1899 - 1999 tek for seg fjellturismens utvikling gjennom ei framstilling av 125 postkort frå perioden 1899 - 1999. Utstillinga opna i 2006.


 postkort_250

 gevir_250
                                              Reinsgevir

Nærast det fyrste ein ser i Norsk Fjellmuseum er Øystein Mølmen sin private samlinga av jaktvåpen og reinsgevir. Utstillinga er mangfaldig og innhaldsrik.

 

 

Kjære Bymann,
gakk ei stjur og stiv,
men kom her up og kjenn eit annat Liv!
(Aa.O.Vinje)