|
Mammut - fjellet sin elefant |
|
|
|
|
lørdag 14. oktober 2006 15:47 |
|
Mammuten rådde grunnen i fjell- og dalstroka våre for omlag 35.000 år sidan. På Norsk Fjellmuseum kan du sjå mammuten i full storleik - både ein vaksen og ein yngre mammut. Du kan og lære om korleis mammuten livnærte seg fram til han døydde ut for ca 7000 år sidan. Mammuten er ein slektning av elefanten og har vore kjent i 12 - 14 millionar år. Dyret var godt tilpassa eit kaldt klima og knytt til dei arktiske strok. Klimaendringar er ein vesentleg grunn til at mammuten er borte. I tillegg har steinaldermenneske si jakt bidrege til at dyra ble borte for alltid.
Ein vaksen hann-mammut kunne bli 2,5 - 4 meter høg, og vege 6 tonn. Dyret hadde raudbrun pels og var dekt av lange hår. Øyro var runde og små. Ytterst på snabelen og over analopninga hadde mammuten ein liten hudklaff som skulle beskytte sårbare delar mot frost. Snabelen var breiare enn hjå elefanten og var veleigna som «snøskuffe». I overkjeven hadde mammuten støyttenner, som vart nytta til «våpen», og desse kunne bli opptil 5 meter lange og vege maksimalt 150 kilo.
Det fyrste mammutfunnet i Noreg vart gjort på Skårvangsætrin i Vågå i 1886. Det var budeia Kari Jotun (t.h.) som fann restar av mammuten.
|