Last month February 2012 Next month
S M T W T F S
week 5 1 2 3 4
week 6 5 6 7 8 9 10 11
week 7 12 13 14 15 16 17 18
week 8 19 20 21 22 23 24 25
week 9 26 27 28 29

Sosial weblinker

Share to Facebook Share to Twitter 
Norsk Høgfjell PDF Skriv ut E-post
mandag 13. november 2006 11:37

Under kan du lese om nokre av elementa frå utstillinga Norsk Høgfjell: 

Veidefolket
Veidefolket var steinalderjegerar som hadde fylgd brekanten ettersom den trekte seg attende og landet vart bart. Til fjells kom dei fyrst for omlag 8.500 år sidan.

Seterdrift
Seterdrifta i Jotunheimen har røter heilt attende til vikingtida. Det vanlege var å ha ei heimseter nær garden og ei langseter som oftast låg langt til fjells. Det var kvinnene som dreiv setrene, og det er ikkje utan grunn budeia og setra har fått slik status og særmerkt plass i norsk identitet.

Jegerane
Jegerane, slik som Jo Gjende, var heltane den tida. Dei våga seg opp i det ukjente terrenget der dei underjordiske rådde. Jo Gjende var jeger allereie frå barnsbein av, han var født på slutten av 1700-talet og vart 90 år gamal.

Oppdaginga
På tidlege kart over området mellom Sognefjorden og Ottadalen, eksisterte mest ikkje Jotunheimen. I 1820 publiserte den unge studenten Baltazar Mathias Keilhau ein artikkel som heitte «Nogle Efterretninger om et hittil ukjent Stykke af det søndenfjeldske Norge». Keilhau foreslo å gje området namnet «Jotunfjeldene». Han meinte dei høgaste fjella i Norge var å finne her. Nå hadde vitskapsfolk frå hovudstaden oppdaga fjellområdet som bygdafolket hadde nytta som ressurskjelde i alle år.Turistane kjem.

Klatring
Engelskmennene tok med seg fjellklatrartradisjonen frå Alpene. Ein av desse var William C. Slingsby som saman med den norske føraren sin, Emmanuel Mohn, mellom anna prøvde seg på Store Skagastølstind. Klatresporten var dominert av menn, men ei kvinne utmerka seg, nemleg Therese Bertheau.

Fjellet og kunsten
Etter vitskapsmennene fylgde kunstnarane. Natursynet i romantikken fall saman med dei sterke nasjonale straumane etter 1814, og gjorde seg snart gjeld-ande i litteratur, musikk og målarkunst.

Den Norske Turistforening
Den Norske Turistforening vart stifta den 21. januar 1868, av og for overklassa, slik at det skulle vere mogleg for fleire å reise komfortabelt i fjellet. Det vart utdanna førarar med «sertifikat» på å føre byfolk til fjells.

Utbygging

Vasskraftutbygging og jernbaneutbygging tok til i norske fjellområde på slutten av 1800-talet. Ved sida av bygging av hytter, bruer og vardar, gjorde utbygginga av kommunikasjonsnettet det lettare og raskare for folk å kome til fjells.

Verneinteresser

Med den industrielle utviklinga i fjellet kom verneinteressa og problematikken rundt den inn i norsk politikk. Nokre isolerte røyster protesterte mot utbygging, og enkelte foreslo allereie da å verne Jotunheimen som nasjonalpark.


«Sjå deg rundt i fjellbygda! Sjå deg rundt i landet! På eit par stutte generasjonar har vi endra meir på det enn alle dei som åtte landet før oss ihopatt! Ikkje for mykje, kanskje, at vi set nokre kvadratkilometer att til dei som skal kome etter oss?

Vi har Jotunheimen. Den byder sig i denne forbindelse uvilkaarlig frem for tanken, og den maatte faa blive, som den er, som et hjem for den ægte natur, et billede af Norge, som det er i dag.»
(Yngvar Nielsen, 1904)

 

Ord om fjellet

 

Det svæver et land i det skinnende blaa
Ei stoltere ved jeg at nævne
men vil du ditop over dalene naa
to stridige ting maa du evne
Thi først maa du seile med ørnen avsted
høit, høit over jorden og kavet
og saa- maa du vide at sænke dig ned
og krybe med moserne lave.

                                                   Theodor Caspari